Kommunedelplanar under utarbeiding - oppvekst, helse og omsorg og teknisk infrastruktur

Samfunnsdelen.JPG - Klikk for stort bilete Anders Hekkli

Sauherad og Bø kommunar utarbeidar no kommunedelplanar for dei tre store sektorane oppvekst, helse og omsorg og teknisk infrastruktur. Planane skal konkretisere korleis sektorane skal innrette si verksemd for å nå dei overordna måla for Midt-Telemark kommune fastsett i ny samfunnsdel av kommuneplanen.

Sauherad og Bø kommunar har saman utarbeidd samfunnsdel av kommuneplanen for Midt-Telemark kommune med langsiktige mål og strategiar for ny kommune innanfor fire satsingsområde:
  • SAMAN - demokrati, identitet og samskaping
  • SKAPAR – attraktivitet for næring, bustad og besøk
  • VI – livskvalitet og levekår
  • FRAMTIDA – innovativt, smart og grønt Midt-Telemark
Tema, organisering og framdrift for kvar av kommunedelplanane går fram av fastsett planprogram:
Kommunalsjefane for kvar sektor har ansvar for utarbeiding for sin kommunedelplan, og
spørsmål om planarbeidet kan rettast til dei:
  • Oppvekst: Beate Darrud (beate.darrud@bo.kommune.no)
  • Helse og omsorg: Cecilie Stangeby (Cecilie.Stangeby@sauherad.kommune.no)
  • Teknisk infrastruktur: Vidar Lofthus (vidar.lofthus@bo.kommune.no)
Sist endra 21.11.2019