Nyåpning av Bø stasjon 13.mai kl 13

Stasjonsbygget.jpeg - Klikk for stort bilete Mandag 13.mai kl 13 er det duka for formell opning av "nye" Bø stasjon. Ordførar, leiar av hovudutval for samferdsle i Telemark fylkeskommune, Bane NOR og Statens vegvesen vil saman klyppe snora som markerer opninga. Den nye operatøren på Sørlandsbanen, Go Ahead, og det nye busstilbodet HentMeg vil vere tilstades på stasjonen under opninga.

Det blir musikk og servering og alle er velkomne! 

Bygdepakkelogo.JPG - Klikk for stort bilete

Publisert av Kristin Karlbom Dahle. Sist endra 20.05.2019

Parkeringsplassen ved Bø stasjon har vore stengt ei lengre periode, og Stasjonsbua har halde til i ei vagn i anleggsperioden. Mandag 13.mai markerast at anleggsperioden er over og at Bø stasjon har fått nærmare dobla kapasitet på parkeringsplassar og at Stasjonsbua har flytta inn i sjølve stasjonsbygget. Oppgraderinga har blitt gjennomført og er finansiert gjennom samarbeidet i Bygdepakke Bø og Sauherad.

Åpning.JPG - Klikk for stort bilete

Dronebilde parkering fra sør.jpg - Klikk for stort bilete

Drønebilde hele området.jpg - Klikk for stort bilete

Dronebilde parkering.jpg - Klikk for stort bilete