Tilbakeblikk på forstudie Bygdepakke Bø 2015-2016

Forstudie for Bygdepakke Bø vart gjennomført august 2015 - juni 2016 og legg grunnlaget for forprosjektet. Alle resultata og tiltak som er gjennomført i forstudiet er oppsummert i Sluttrapport frå forstudiet 

Resultat frå forstudiet

1. Trafikkanalyse (Statens vegvesen). Resultata er presentert i  Nummerskiltanalyse (Rambøll), og notat om gjennomgangstrafikkpotensiale for avlastingsvegar i sentrum og trafikkteljingar.

2. Mobilitetsanalyse, som syner oversikt over gang- og sykkelavastand til/frå jobb/skule, og kor mange som bur i gang-/sykkelavstand til/frå jobb/skule, er utarbeida av Statens vegvesen. Resultata er presentert i eit digitalt kart og ein oppsummerande rapport

3. Barnetråkk (Bø kommune). Rapporten bygger på digitale tilbakemeldingar frå elevar ved Bø skule, Folkestad skule og Bø ungdomsskule. Fire klasser har registrert viktige gang-/sykkelvegar, områder dei ferdast i og gitt tilbakemeldingar om stader som opplevast som positive og stader dei har negative erfaringar frå. 

4. Sykkelbyrapport 2015 (SINTEF, på oppdrag frå Statens vegvesen). Dette er ein undersøking som vert gjennomført med jamne mellomrom, og i 2015 var Bø som sykkelbygd med for fyrste gong. 

5. Fortettingsanalyse for Bø i Telemark (Rambøll). Analysa tar utgangspunkt i den framtidige veksten i Bø, og presenterer forslag til korleis alle bustader og arbeidsplassar for befolkningsveksten fram mot 2030 kan etablerast i sentrum. Som vedlegg følgjer eit trafikknotat

6. Telemark fylkeskommune har utarbeida eit notat som evaluerer kollektivtransporten i Bø. I notatet vert det foreslått tiltak som kan vurderast nærmare for å effektivisere og målrette dagens kollektivtilbod betre.

Som del av forstudiet vart det gjennomført kampanjar og strakstiltak som er omtalt i forstudiet, m.a. Europeisk mobilitetsuke, Sykle-til-jobbenaksjon og "På farta til skulen"-kampanje i skulane.

Sist endra 20.12.2018