Bygdepakke Bø og Sauherad

Bygdepakke Bø og Sauherad er eit utviklingsprosjekt med mål å oppnå nullvekst i personbiltrafikken gjennom Bø sentrum og å inspirere fleire til å sykle, gå og reise kollektivt i og mellom attraktive stader i Midt-Telemark.  
Prosjektet er tverrfagleg og er basert på samarbeid og spleiselag på tvers av etatar og forvaltningsnivå med Jernbanedirektoratet, Fylkesmannen i Telemark, Statens vegvesen, Bane NOR og Telemark fylkeskommune. 
 
Prosjektet samarbeider også med ulike aktørar som til dømes Distriktssenteret, Transportøkonomisk institutt, Universitetet i Søraust-Noreg, Sentrumsringen i Bø, grunneigarar, skular, institusjonar og frivillige organisasjonar.  
 
bykdepakke-logo-transparant bg.png - Klikk for stort bilete
Bygdepakka og Sykkelbygda har fått mye merksemd både lokalt, regionalt og nasjonalt - ikkje minst gjennom forskingsprosjektet "Bygdepakke Bø. Et forprosjekt om utvikling av klimavennlige og attraktive bygder" (TØI, 2017), "Bø stasjon 2030. En mulighetsstudie"(Rambøll 2017), opprustinga av Stasjonsvegen i Bø sentrum (SVV/Tfk 2017) – og ein etterlengta gang- og sykkeltrasé langs Rv 36 mellom Bø og Gvarv som er under planlegging med realisering tidleg på 2020-talet. 
 
Samla sett har dette ført til meir fokus på helhetlig areal-, transport- og mobilitetsplanlegging i små byar og på mindre stader, men også auka interesse for å endre reisevanar hos innbyggarane. Når Bø og Sauherad nå slår seg saman, har vi ein unik sjanse til å implementere ny kunnskap og ny praksis for tverrfagleg samarbeid i bygging av den nye kommunen. 
 
Prosjektet har vore gjennom forstudie- og forprosjektfase, og vi gjennomfører no hovudprosjektet. Hovudprosjektet er organisert i 14 arbeidspakker, sjå hovudprosjektplan (PDF, 2 MB) med vedlegg (PDF, 2 MB).
 
 

Kontakt oss i prosjektgruppa:

Kristin Karlbom Dahle, krda@bo.kommune.no  (areal og transport, parkering, mobilitet, kollektivknutepunkt)
Sindre Flø, sindre.flo@bo.kommune.no  (sykkelbygda, kampanjer, sykkelplan)
Hilde K Pedersen, hilde.pedersen@bo.kommune.no  (prosjektleiar/koordinator) tlf 95704048

 

Hjertesone.jpg - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

For deg som vil lese meir!

 

Sterk gjennomføringskraft

Døme på gjennomførte tiltak i Bygdepakka er etablering av overbygde sykkelparkeringar, buss-skur, skilting av sykkelvegar, opprusting av sykkelvegar, auka parkeringskapasitet på Bø stasjon, meir fokus på trafikktryggleik og sykkelopplæring i skulen, parkeringsanalyse for sentrum, utgreiing av gatebruk, sykle-til-jobben-kampanje, el-sykkelsatsing og sykkelmekkedagar. Det er utarbeidd ein eigen kampanjeplan for Sykkelbygda Bø 2018.

Mange av desse tiltaka skjer i samarbeid med frivillige lag og organisasjonar og næringslivet, og er samstundes ledd i kommunane sitt folkehelsearbeid.

Bø er eit attraktivt regionsenter midt i Telemark; ein liten kommune i sterk vekst (2,7 % vekst i 2016) med om lag 6600 innbyggarar og 3000 studentar. Potensialet  for å redusere personbiltrafikken ved å få fleire til å gå, sykle og reise kollektivt er stort:

  • Gjennomfartstrafikken på riksveg 36 gjennom Bø sentrum utgjer bare om lag 15-20 % av totaltrafikken. 
  • Campus Bø med sine ca 3000 studentar ligg i Bø sentrum, og over 50% av studentar og tilsette ved Høgskolen i Telemark avd Bø bur innafor gang- og sykkelavstand til sentrum
  • Bø sentrum er eit kompakt sentrum der også arbeidsplassar, handel, barneskule, ungdomsskule, vidaregåande og barehagar er lokalisert -  i tillegg til kollektivknutepunktet Bø stasjon.
  • Dei store bustadområda ligg tett på sentrum innanfor rimelig gang- og sykkelavstand
  • Gang- og sykkelvegnettet er generelt godt 

Sauherad kommune har om lag 4300 innbyggarar fordelt på fleire levande tettstader med mindre enn 1000 innbyggarar i kvar. Gvarv er skule-, helse- og handelssenter i Sauherad, medan dagens kommuneadministrasjon er lokalisert til Akkerhaugen. Sørlandsbanen og Bratsbergbanen er viktige for kollektivtransport og godstransport. Nordagutu stasjon er knutepunkt med persontogstopp for trafikk på begge dei to banane. Auka busetting og næringsetablering nært kollektivknutepunkta og betre tilrettelegging for sykkel og gange i tettstadene, er eit mål i Sauherads kommuneplan.

Det overordna målet for hovudprosjektet er å oppnå nullvekst i lokaltrafikken i Bø sentrum og å få fleire til å sykle, gå og reise kollektivt i og mellom attraktive stader i den nye kommunen. Hovudprosjektet bygger direkte på resultat og funn frå Bø i forstudien og i forprosjektet. Mye er overførbart, men i hovudprosjektet skal Sauherad kommune fastsette mål og tiltak basert på kunnskap om forhold i Sauherad. 

I løpet av hovudprosjektperioden vil Bø og Sauherad kommunar arbeide med å bygge nye Midt-Telemark kommune. Dette reformarbeidet vil naturleg skape nye behov og utfordringar for utvikling av overordna strukturar for stadutvikling, attraktivitet, infrastruktur og kommunikasjon i den nye kommunen. Dette vil konkret vere deltema i hovudprosjektet. Bygdepakke Bø og Sauherad satsar på å utvikle ny metodikk for heilskapleg og klimavenleg areal- og transportplanlegging i bygder og mindre regionsenter. Vi meiner at også hovudprosjektet vil ha overføringsverdi for andre regionsenter, bygder og små byar.
 

Effektmål

  • Nullvekst av intern personbiltrafikk i Bø sentrum frå 2015-nivå til 2030 
  • Auke andel gåande og kollektivdel minimum i tråd med nasjonale mål
  • Auke sykkelandel i ny kommune minimum i tråd med nasjonale mål (9 % i 2016 i Bø)
  • Styrke kollektivknutepunkta Nordagutu, Gvarv og Bø
  • Fortette med kvalitet bustader og sentrumsfunksjonar i Gvarv og Bø
 

Andre effektar

  • Betre folkehelse og endra haldningar til bilbruk og miljøvenleg transport
  • Reduserte klimagassutslepp frå biltrafikk
  • Auka attraktivitet og funksjonalitet for Bø som regionalt tyngdepunkt og kommunesenter
Sist endra 10.04.2019
Fann du det du leita etter?