Utarbeide forslag til reguleringsplan

Privatpersonar, tiltakshavarar og andre styresmakter kan fremme forslag til reguleringsplan. Planen skal utarbeidast av fagkunnige i tråd med malane det er vist til under.

Planprosessen startar med at forslagsstillar sender eit planinitiativ til kommunen saman med bestilling av eit oppstartsmøte jf forskrift om private forslag til detaljreguleringsplanar §1, sjå mal for planinitiativ (PDF, 252 kB). I oppstartsmøtet skal føringar og rammer for planarbeidet. Fagkunnig konsulent som skal utarbeide planen må delta i oppstartsmøtet.

Berørte partar og regionale styresmakter skal varslast skriftleg ved oppstart av et planarbeid, og oppstart av planarbeid skal annonserast (mal (DOC, 71 kB)). Planinitiativ og referat frå oppstartsmøte skal følgje varsel om oppstart. Sjå liste over instansar som skal varslast ved oppstart av planprosessar. (PDF, 32 kB)

Digitalt kart (sosi) til bruk i planarbeidet bestillast frå postmottak@bo.kommune.no. Kartutsnitt av kommuneplan, reguleringsplan eller situasjonskart i form av pdf-fil kan skrivast ut frå webkartet.

Reguleringsføresegner skal vere utarbeidd etter nasjonal mal  og planomtala skal byggast opp i tråd med innhaldsfortegnelse i nasjonal sjekkliste for planomtale. Krav til plankart går fram av nasjonal produktspesifikasjon for arealplan.

Kommunen tar gebyr for sal av kartgrunnlag og behandling av planforslag.

Sist endra 31.01.2019

Kontaktpersonar

Kari Verpe Hynne

GIS-koordinator/avdelingsingeniør

Elin Blütecher

Arealplanleggar

Åpningstider

Opningstider
Man-fre kl 08.00 - 15.00

Besøksadresse:
Gullbringvegen 20
3800 Bø

Postadresse
Postboks 83
3833 Bø i Telemark

Kartpunkt