Student i Bø

Festivalstemning i Bø - Klikk for stort bilete Velkommen som student eller til deg som vurderar å studere i Bø.

Bø er både bygd og by og kan friste med eit variert tilbod innan musikk, idrett og kultur. Bø er kåra til landets andre beste kulturkommune i 2014 og studentkroa er kåra til beste konsertscene.

I Bø kryr det av moglegheitar – og er det noko du savnar så finn du fort nokon å starte det saman med.
Kommunen er omkrinsa av vakker natur med skog, fjell og vassdrag. Med eit studentmiljø på 2300 studenter er det stort nok til at det blir mangfald, men lite nok til at du blir sett.
 

Universitetet

Sjølve universitetsanlegget er ope og innbydande. På campus finn du i tillegg til forelesningslokala også studentkantine, bibliotek, små områder tilrettelagt for gruppearbeid, studentbarnehagen Veslekroa studentbarnehage og studentkroa Kroa i Bø. Rett utanfor campus finn du volleyballbanar, skaterampe, fotballbane og friidrettsbane. På vinteren er det skøytebane her også.Meir informasjon/more information about USN Campus Bø og velkomstbrosjyre for studenter (PDF, 436 kB).
 
 

Kulturtilbod

Kroa i Bø

Bø kino

Bø jazzklubb

Bø filmklubb

Studentkafèn Kultores

Studentveka VIKO

Gullbring kulturanlegg, med svømmehall, idrettsbaner, teater mm., er nærmeste nabo til universitetet.

Bø kyrkjekor

 

Sjå sidene til kultur og fritid for meir informasjon om tilboda i Bø kommune. Der vil du finne informasjon om fleire lag og organisasjonar i Bø.


Idrett- og friluftsliv
 

USN IL Bø studentidrettslag - Universitetet i Sørøst-Noreg har bl.a. eit eige studentidrettslag som består av futsal, volleyball, badminton, innebandy, ultimate frisbee, svømming og handball.

Bø Turlag ryddar og merkar stiar i nærområda og arrangerar fellesturar i samarbeid med andre lag. Her kan du finne turløyper og turkart med popup-informasjon.

Skarphedin IL er idrettslaget i Bø og her har du mange moglegheitar innan fotball, friidrett, handball, sykling, svømming, langrenn og alpint.

Bø Volleyballklubb

Bø fiskelag arbeidar med å fremja sportsfiske og friluftsliv som fritidsaktivitet innanfor Bø kommune. Fiskelaget kan også friste med fiskekonkurransar.

Klatregruppa i Bø

Bø orienteringslag har som hovudmål å gje eit tilbod til befolkningen om orientering som tur-, trim- og konkurranseaktivitet. Her er det aktivitetar for både nybegynnarar og deg som er meir erfaren orenteringsløpar.

Bø padlegruppe har som mål å danne eit grunnlag og moglegheit for elvepadling for alle interesserte blant lokale og studentar. Padlegruppa tilstreber å danne sikrast mogleg rammer for utfordrande og utviklande padletrening for padlere på alle nivåer.

Bø Ju Jitsu klubb er ein liten klubb, men har høg kvalitet på treningane og eit godt miljø.

Lifjell kan tilby deg vakker natur heile året. Lifjell består av fine turområde både til fots og på ski. Her finn du alpintanlegg, vinterland, langrennsløyper osv.
 

Treningssenter

Nr1 Fitness

Nr1 Fitness Xpress

Maxima helse

Gullbring treningssenter

 

Bustadtilbod

Som student ved Høgskulen har du moglegheit til å kontakte Studentsamskipnaden ved behov for studentbustad. Studentsamskipnaden har studentbustadar i Gullbring, Folkestad, Breisås og på Grivi.

Det er mange moglegheitar til å skaffe seg bustad på det private markedet også, enten det er hybel, leilighet eller rom i bufellesskap. Sjekk www.finn.no.

 

Student med barn

Barnehagar og skular i Bø

Redusert foreldrebetaling / gratis kjernetid i barnehage

 

Bø kommune som vertskommune

Bø kommune er ein aktiv vertskommune for både Universitetet i Sørøst-Norge og Bø videregående skole. Kommunen legg student- og elevmelding for Bø, Nome og Sauherad til grunn for sitt arbeid som vertskommune.

 

 
 
Sist endra 18.01.2019