Velkommen som student og innbyggar i Bø kommune

Bø kommune ynskjer å vere eit regionssenter i Telemark. Ein nyskapande kommune og ein god plass å bu, med gode tenestetilbod til sine innbyggarar - både unge, eldre og studentar. For å sikre dette er kommunen avhengig av statlege midlar, noko kommunen får for kvar folderegistrera innbyggar i Bø. Kommunen har derfor starta ei kampanje for å motivere studentar til å melde flytting til Bø kommune, slik at me kan gje studentane enda betre buforhold og tenester under heile studietida. 

Publisert av Mari Mølstre. Sist endra 03.09.2019

Ny kampanjeperiode vert åpna 01. mai - 01. oktober 2019

Dette får du når du melder flytting til Bø kommune:

  • Stemmerett i Bø, slik at du kan påverke politikken
  • Betre kommunale tenester ved at kommunen får økte økonomiske rammer per nye innbyggar
  • Gavekort til kjøp av sykkel inntil ein verdi av kr. 5000,-
  • Gavekort på fem billettar til Bø kino

Kriterier for å få tilskot:

  • Du må vere student og kunne framlegge gyldig studentbevis for inneverande semester
  • Du må ha meldt flytting frå ein annan kommune til Bø kommune etter 8. mai 2017, og må kunne legge fram flyttemelding frå Skatteetaten om ny adresse i Bø
  • Du forpliktar deg til å beholde bustadadresse i Bø kommune under heile studietida

 

Er det fortsatt noko du lurer på, kan du sjå på ofte stilte spørsmål.

Slik melder du flytting til Bø kommune

  1. Gå inn og registrer flytting via nettsidene til Skatteetaten 
  2. Etter omlag ei veke vil du motta brev frå Skatteetaten om at di nye adresse er registrert
  3. Fyll ut registreringsskjema og send denne, sammen med bekreftelse på flytting og gyldig studentbevis til postmottak@bo.kommune.noRegistreringsskjema (PDF, 147 kB)
  4. Du vil innen fire veker motta ein bekreftelse på di registrering og kan deretter henvede deg til servicekontoret på Bekkevoll - Gullbringvegen 20, for utlevering av dine gåvekort på sykkel og kinobesøk

Kontaktpersonar

Marita Kristina Valkeinen

koordinator for kultur og fritid