Søknadspliktige tiltak som kan forestås av tiltakshaver

Garasje.png - Klikk for stort bilete Det er mange tiltak ein kan søkje om sjølv. Det er imidlertid viktig å merke seg at krav i Plan- og bygningslova med tilhøyrande føresegner gjeld fullt ut, tiltakshavar vil i desse tilfella sjølv vere ansvarleg for at tiltaket tilfredsstiller gjeldande krav.

 Eksempel på slike tiltak kan vere:

  • Mindre tiltak på eigedom som allereie er bebygd med eit bustadhus, som:
  1. eitt enkelt tilbygg inntil 50 kvm BRA/BYA
  2. ein enkelt frittliggande bygning som ikkje skal brukas til bebuelse, inntil 70 kvm BRA/BYA (eks. garasje, bod)
  3. bruksendring fra tilleggsdel til hoveddel (eller omvendt) innanfor ei brukseining (eks. innreiing av kjellar, bodar)
  4. oppføring av skilt- og reklmaeinnretning inntil 6.5 kvm montera flatt på vegg eller med høgde inntil 3,5 m og breidde 1,5 m frittståande på terreng (NB: dette vil ikkje gjelde der kommunen har vedtatt eigne retningsliner for skilt og reklame. I Bø kommune har vi slike retningsliner, sjå eigen artikkel)
  • alminnelege driftsbygningar i landbruket (gjeld både oppføring, plassering vesentleg endring, reparasjon, riving av eller bruksendring til driftsbygning inntil 1000 kvm BRA. Gjeld òg tilbygg til slik driftsbygning inntil totlat 1000 kvm BRA.
  • midlertidige bygningar, konstruksjonar og anlegg som ikkje skal stå lengre enn 2 år

Sjå Plan -og bygningslova (PBL) § 20-4 og byggesaksforskrifta (SAK10) kap.3 for utfyllande informasjon.

Søknadsskjema for tillatelse til tiltak utan ansvarsrett (blankett 5153) samt alle andre nødvendige vedlegg (sjå liste i søknadsskjemaet) kan du finne på heimesida til Direktoratet for byggkvalitet. Her finn du òg ein oversikt over byggereglane, og informasjonsark for ulike typer byggetiltak. 

Søknaden blir rekna som fullstendig når følgjande vedlegg er med:

  • Skjema for nabovarsel (blankett 5155 og 5156). Blankett 5154 skal sendast til rørde naboar
  • Situasjonskart i målestokk 1:500 evt. 1:1000 der tiltaket er innteikna. Kart kan skrivas ut her
  • Fagmessig utførte plan-, snitt- og fasadeteikningar i målestokk 1:100 evt. 1:50 (gamal og nye)
  • Dersom tiltaket er avhengig av dispensasjon/uttale/vedtak frå anna myndigheit, bør denne vere avklart på førehand
  • Skjema for bustadspesifikasjon i matrikkelen (blankett 5176) dersom tiltaket omfattar bustader

Merk: Når tiltaket er ferdig, må det sendas inn søknad om ferdigattest, blankett 5167

For prisar/gebyr, sjå gjeldande gebyrregulativ. (PDF, 3 MB)

Om du har spørsmål til om ditt planlagte byggeprosjekt er søknadspliktig og etter kva slags heimel, ta gjerne kontakt med oss.

Sist endra 02.01.2019
Fann du det du leita etter?