Korleis stemmer eg?

Stemmelokale.jpg - Klikk for stort bilete

Publisert av Jeanett Kaasa. Sist endra 10.08.2017

Korleis stemmer eg?

  1. Ta med gyldig legitimasjon og legitimer deg for valfunksjonæren
  2. Gå inn i stemmeavlukket
  3. Ta den stemmesetelen du vil bruke
  4. Gjer eventuelle endringar på stemmesetelen
  5. Brett stemmesetelen med partinamnet inn og feltet for stempling ut - da kan ingen sjå kva du stemmer. Det skal ikkje vere konvolutt eller anna omslag rundt stemmesetelen.
  6. Gå til ein valgfunksjonær og få eit stempel på utsida av stemmesetelen. Stemmesetelen må ha stempel for å bli godkjend!
  7. Legg den stempla stemmesetelen i valurna
     

Korleis endrar du på stemmesetelen?

Det er opp til deg om du vil endre på stemmesetelen. Dersom du ikkje endrar på han, stemmer du på kandidatane i den rekkjefølgja dei står i på stemmesetelen.

For at endringane du gjer på stemmesetelen skal få verknad ved valoppgjeret, må endringane ved same kandidatnamn bli gjort av meir enn halvparten av dei veljarene i fylket som har gitt partiet/gruppa si stemme.

Rettleiing for korleis du endrar står på stemmesetelen.
 

Slik kan du endre på stemmesetelen:

  • Endre rekkjefølgja på kandidatane - Set eit (nytt) nummer i ruta til venstre for namnet til kandidaten/kandidatane, slik at du merkerer korleis du vil at rekkjefølgja på kandidatane skal vere.
  • Stryke kandidatar - Set eit merke (kryss, hake eller liknande) i ruta til høgre for namnet til kandidaten/kandidantane du vil stryke.