Kven kan stemme?

Val (Tore Fjeld) - Klikk for stort bilete Tore Fjeld  

Stemmerett

Ved Stortingsvalet er det berre norske statsborgarar over 18 år som har stemmerett. Det held at veljaren fyller 18 år i løpet av valåret. Veljaren må vere, eller ha vore, registrert som busett i Noreg. Det siste gjeld ikkje for tilsette i diplomatiet eller konsulatvesen og deiras husstand.
Det er ein føresetnad for alle val at man ikkje har mista stemmeretten etter Grunnlova § 53.

Manntal

Alle personar med stemmerett vil automatisk bli innført i manntalet i den kommunen dei var registrert busatt pr. 30. juni 2017. Har du flytta til ein anna kommune etter 30. juni, er du registrert i manntalet i den kommunen du flytta frå. På valdagen kan du berre avlegge stemme i den kommunen du er manntalsført. Dersom du ikkje har høve til å stemme i den kommunen du er manntalsført i på valdagen, kan du førehandsstemme i perioden 1. juli – 8. august i kva som helst kommune i landet.
Personar som har vore busett utanfor landet i meir enn 10 år samanhengjande, må søkje om innføring i manntalet i den kommunen vedkommande sist var registrert busett. Det må søkjast om innføring i manntalet innan tysdag 12. september kl. 17.00. Dette gjeld ikkje for tilsette i diplomatiet eller konsulatvesen og deiras husstand.

Manntalet skal ligge ute til offentleg ettersyn på kommunehuset frå veke 29 og fram til valdagen.

Krav om retting

Alle som meiner at dei sjølv eller andre feilaktig er innført eller utelatt frå manntalet, kan krevje at valstyret rettar feilen. Kravet skal vere skriftleg og begrunna, og sendast valstyret i kommunen.




Søknad om innføring i manntall eller retting av feil skal sendast:

Valstyret i Bø kommune
Postboks 83
3833 Bø i Telemark

Søknadsskjema om innføring i manntal (PDF, 107 kB)

Sist endra 17.07.2017